
Besteforeldretreff på Barnebo barnehage
Barnebo barnehage på Gossen markerer ”Den store barnehagedagen” med besteforeldretreff på alle avdelingane. Fredag var det småbarnsavdelinga ”Søristuå” som fekk besøk av beste- og oldeforeldre.
|
Flott sang og felles måltid med suppe skapte ei hyggeleg stund for barn og vaksne. Bilde: Marit Fornes med Emilie (2), Svein Løwe med Amalie (3), Klara Simonsen og Eldrund Småge med Sigurd (2). Foran: Elise (2) og Kristin (2). |
I "Søristauå" går det tilsaman 16 born frå 1 -3 år, og mange av borna har deltidstilbod. Avdelinga har fem tilsette, der tre er på jobb i gongen. Avdelingsleiar for "Søristuå", Sissel Melsæther, fortel at dei med besteforeldretreffa ønskjer å vise fram barnehagen som ein god læringsarena.
Barnehagedagen (1 mars) er eit samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalt foreldreopprop, KFO, Fagforbundet og Utdanningsforbundet. Med denne dagen vil dei markere det gode innhaldet og kvaliteten i barnehagane.