
Ein barnehage for framtida
|
Leiar av plan- og byggenemnda, |
Mykje har skjedd på tre år
Visjonen om ”den gode barndommen i Aukra” er ikkje lenger berre tomme ord. Opninga av dei tre avdelingane markerer slutten på ein tre år lang prosess for å skape eit godt barnehagetilbod i Aukra. Ordførar Aud Mork fortalde om den overordna barnehagenemnda som tok til med planlegginga i 2004. Deretter gjekk det slag i slag. Utviding av Bergetippen barnehage, opning av den private barnehagen Trollmyra, strakstiltaket i Aukrahallen og tilslutt realisering av Furutun.
Rask og effektiv prosess
Det var leiaren av plan- og byggenemnda, Rasmus Nygård, som offisielt opna dei nye avdelingane. Han fekk god hjelp av mange små hjelparar som hadde møtt opp for å feire saman med familie, tilsette, kommunestyrerepresentantar og involverte i byggeprosjektet. Nygård beskreiv ein rask og effektiv byggeprosess, der eit sterkt engasjement frå personalet, ein dyktig arkitekt og godt utført handverk frå entreprenøren si side, var viktige forklaringar på det gode sluttresultatet.
Gåver til barnehagen
Det vanka både kunst, bøker og blomster og frukttre til barnehagen. Barna vart nok mest fornøgde med gåva som kommunestyrerepresentant Arne Hjelmås hadde med seg. Ein splitter ny leiketraktor (og ein sekk med gulrøter på lasteplanet) frå Felleskjøpet! Bygginga av Furutun er den største enkeltinvesteringa for kommunen i år. Bygget har hatt ei
samla kostnadsramme på 18,3 millionar kroner, der 13,2 millionar kroner er belasta investeringsbudsjettet for 2007.
|
Det var ein stolt einingsleiar som kunne ønskje velkommen til den offisielle opninga | |
|
Dei tilsette, her representert ved assisterande styrar Hanne Skarshaug, fekk blomster av ordføraren som takk for sterkt engasjement og viktige bidrag i prosessen. | |
|
Skolegutane Andreas Småge og Emil Breivik var ikkje seine med å teste ut gåva som kommunestyrerepresentant Arne Hjelmås hadde med seg. |