Tilbake til aukra.kommune.no

Fiske, sjø- og båtliv

Fisker fra berg

Fiske

Både langs Julsundet og rundt heile Gossen fins det fine berg og strender å fiske frå, og fisk er det mykje av. Kjem du med båt, er det tusenvis av gode fiskeplassar å velje mellom. På grunnane i Julsundet med djupner på 100-150 meter, får du helst storsei, brosme, lange og kveite. Frå midten av juli fyller stimar med makrell og sild i fjordane.

Padler i øyriket
Padler i øyriket

Padling

Med godt tilrettelagte småbåthamner, er dei flotte utgangspunkt for ein padletur i skjergarden. Ved Smågevatnet ligg kanoar til utlån. Kontakt Aukra kommune 71 17 15 00 eller Bergtun bufellesskap 71 17 30 02 for å låne kano.
 

Småbåthamn på Julsundet

Småbåthamner

I kommunen er det fleire småbåthamner med gjestebrygger for sjøfarande. Kontaktinformasjon til småbåthamnlag i Aukra



 

Dykking

Dykking

I skjergarden rundt Gossen er det fine forhold for dykking. Kontakt Gossen dykkerklubb for meir informasjon eller besøk facebooksida.




 

To jenter på Horremsleira

Strender

Både Julsundet og Gossen har fine badestrender. Dei mest populære er Eidskrem på Julsundet og Hjertvika, Røaleira, Horremsleira og Eikrem, alle på Gossen. Ein fottur langs ei av dei mange strendene kan gi ei rik naturoppleving.