
Fysioterapi
I Aukra kommune er det fire fysioterapeutar. Alle held til på helsesenteret på Falkhytten. Tenesta består av to privatpraktiserande fysioterapeutar med driftsavtale med kommunen, og to kommunalt tilsette fysioterapeutar.
Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell og har eit sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar i pasient-/ klientsituasjonar. Fysioterapeutars kunnskapsfelt er kropp, bevegelse og funksjon. Vi tilbyr behandling, rehabilitering og førebyggjande tiltak for å gjenvinne optimal bevegelse- og funksjonsevne.
For å få fysioterapi, må du fylle ut kontaktskjemaet for fysioterapi (sjå under sjølvbetening i høgremargen), eller ha tilvisning frå lege. Ein må pårekne ein viss ventetid. Dersom vi vurderer at det hastar, kan ein få behandling innan 14 dagar. Øvrig ventetid varierer. Fysioterapeutane har felles venteliste.
Avbestilling av time må skje seinast kl.15.00 dagen før. Dersom du ikkje avbestiller timen dagen før, må du betale for timen.
Betaling: Informasjon om betaling finn du på Norsk Fysioterapeutforbund sine heimesider.
Pasientreiser: Dersom du av medisinske årsaker ikkje kan kome deg til fysioterapien, skal fysioterapeuten bestille transport via pasientreiser.
Hjelpemiddel til barn og unge under 18 år: Kontaktperson Inga Sølvi Korsvik Melby
Adresse: Aukraringen 17, 6480 Aukra
Kontaktinformasjon:
Kommunal fysioterapeut | Inga Sølvi Korsvik Melby | 71 17 14 25 | 474 51 611 |
Kommunal fysioterapeut | Therese Stokke Viken | 71 17 14 33 | 971 60 713 |
Privat fysioterapeut | Ingjerd Fyfe | 71 17 14 27 | 979 88 612 |
Privat fysioterapeut | Rolf Oterhals | 71 17 14 26 | |
Kommunal fysioterapeut, vikar | Øyvind Try Leiner | 71 17 14 27 | 911 14 266 |