
Informasjonsmøte på Gossen barne- og ungdomsskole
Tema: Innskriving 1. klasse hausten 2018
Gossen barne- og ungdomsskole ønskjer å invitere foreldre til barn som skal starte på skolen i august 2018 til eit informasjonsmøte.
Dato: Tysdag 6. mars 2018
Tid: kl. 19.00 - 20.30
Stad: Egget/auditoriet ved Gossen barne- og ungdomsskole. Bruk hovudinngangen.
Agenda:
- Informasjon om skolen
- Skolestart og litt om kva barnet ditt vil møte som 1.klassing
- Overgang barnehage - skole
- Besøksdagen i juni. Elevane får brev frå skolen med invitasjon.
- SFO
- Forventningar frå forledre/føresette
- Evt. spørsmål
Meld inn barnet ditt på skolen elektronisk. Det er viktig for oss å finne alle opplysningane tidleg slik at vi har alt på plass i god tid før skolestart i haust.
Du finn følgjande skjema under skjema a-å eller i sidemargen:
- Innmelding skole
- Skolefritidsordning - ny plass, endring og utmelding
- Søknad om skoleskyss
- Fri frå undervisning
Les meir om skoleruta som innheld dato for skolestart og feriar.