Tilbake til aukra.kommune.no

Lagring av rundballar, landbruksutstyr m.v. langs offentleg veg

Statens vegvesen registrerer at det vert lagra rundballar, landbruksutstyr m.v. langs offentleg veg stadig fleire stader i fylket. Dette representerer ei betydeleg trafikkfare ved utforkjøring, og ved at rundballar tiltrekker seg hjortevilt som bidreg til å auke fara for viltpåkjørsel.

Regelverk
Bygging og lagring av diverse langs veg vert regulert etter veglova, der hovudregelen seier at det i ein avstand på 50 meter langs riks- og fylkesveg ikkje er lov å byggje, lagre eller plassere  noko utan løyve frå Statens vegvesen.

Statens vegvesen opererer med ei sikkerheitssone ut frå vegkant, denne vert berekna ut frå trafikkmengde og fartsgrense. Sikkerheitssona skal ikkje nyttast til lagring m.v:

Fartsgrense (km/t)

<= 50

60

70-80

90

Sikkerheitssone (m)

4,5

5

7

8

Avstanda vert målt frå vegkant/-skulder.  Langs gang- og sykkelveg er sikkerheitssona 4,5 meter. Dersom det er mykje hjortevilt i området bør det gjerast  ei særskilt vurdering av avstand til offentleg veg. Skilt, reklame eller andre potensielt distraherande element krev søknad.

Mellombels lagring utan søknad
Når det gjeld rundballar o.l. som vert lagra langs vegen i eit begrensa tidsrom, har Statens vegvesen valt å tillate slik lagring utan føregåande søknad, så lenge fylgjande vilkår vert innfridde:

  • Det skal ikkje lagrast noko i vegen si sikkerheitssone, jf. tabell.
  • Rundballar må ikkje plasserast slik at dei bidreg til å auke trafikkfaren med tanke på viltpåkjørsler.
  • Det som vert lagra må ligge stødig og ikkje på nokon måte kunne kome i konflikt med vegfarande.
  • I nærleiken av kryss og avkøyrsler må slik lagring ikkje være sikthindrande

Pålegg om fjerning
Dersom statens vegvesen vurderer lagring av for eksempel rundballar langs vegen som trafikkfarleg, kan dei påleggje eigar å fjerne desse. Dersom dette ikkje vert etterkome, kan Statens vegvesen for eigars rekning fjerne disse med heimel i veglova.