Tilbake til aukra.kommune.no
showImage

Ledig stilling: arbeidsformann/driftsoperatør

Forvaltning, drift og vedlikehaldsavdelinga: Vi har ledig fast stilling som arbeidsformann for driftsavdelinga generelt og leiande driftsoperatør for vatn- og avløpsanlegg.

Stillinga inngår i kommunal vaktberedskapsordning.  Tiltreding snarast.

Ønska bakgrunn:

Fagskole, meister, fagbrev eller anna teoretisk/praktisk bakgrunn med god realkompetanse. Fagfelt rørlegging/mekanisk/elektromekanisk eller liknande. Kjennskap/interesse for data.

Førarkort for bil. Førarkort i andre klasser, maskinførar o.l er også positivt.     

 

Opplæring:

Søkjar må være villlig til å ta kurs/tilleggsutdanning som er nødvendig for stillinga.   Spesielt driftsoperatørkurs for vatn- og avløpsanlegg, spesielle dataprogram innafor fagområda.

 

Kommunen kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Høve til sjøl å vere med å skape gode arbeidstilhøve da det nyleg er gjennomført omorganisering i kommunen og nye midlertidige og seinare permanente lokaler skal byggast
  • Lønn etter gjeldande regulativ eller etter avtale + vaktgodtgjersle for beredskap ved deltaking i denne.
  • Vanlege kommunale tilsettingsvilkår.
  • Pensjons- og forsikringsordningar i KLP, med 2 % trekk i lønna til pensjonsordninga.
  • Gjensidig prøvetid på 6 mnd.

 

Nærare opplysningar ved einingsleiar Terje Urdshals tlf. 71 17 15 00.

Søknad med CV, rettkjende kopiar av attestar og vitnemål og referansar sendast Aukra kommune, Forvaltning, drift og vedlikehald, 6480 Aukra eller på e-postadresse  post@aukra.kommune.no seinast 9. januar 2006.