
Ledige feriejobbar i pleie- og omsorgstenesta
Har du lyst til å arbeide saman med oss i sommar?
Her er mange spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit godt arbeidsmiljø og
samarbeider på tvers av avdelingane. Har du lyst til å arbeide saman med oss i sommar?
I perioden frå ca 20.06.2011 – 14.08.2011 treng vi slike ferievikarar:
Arb.stad Aukraheimen/ Heimetenesta:
1. Sjukepleiarar dag/natt
2. Hjelpepleiarar / helsefagarbeidar dag/natt
3. Heimehjelparar
4. Kokk, assistent kjøkken
5. Aktivitør
6. Assistent pleie, reinhald, vaskeri
Arb.stad Bergtun/ Avlastingsbustaden:
7. Miljøterapeutar
8. Miljøarbeidarar/assistentar dag/natt
Unge arbeidstakarar
Er du mellom 15 og 17 år og har lyst til å prøve korleis det er å arbeide i pleie og omsorgstenesta.
Vi tilbyr arbeid i 3 -4 veker i sommar, for at du skal få bli kjent med arbeidet her.
Unge arbeidstakarar blir ikkje rekna med i grunnbemanninga.
Studentar innan pleie- og omsorgsfag, eller andre personar som ønskjer arbeid blir oppmoda
om å søke. Det blir lagt vekt på personleg eigenskap.
Aldersgrense: 18 år. 17 –åringar kan bli vurdert til enkelte arbeidsoppgåver
Det må gå fram av søknaden kva for vikariat du prioriterer, og i kva for periode du kan
arbeide. Avdelingane samarbeider på tvers, og fordeler søkarane etter kvar det er mest bruk
for dei. Vi ser det som ein fordel at søkjarane kan arbeide storparten av perioden.
Søkarar til heimetenesta må ha sertifikat for bil.
Ferievikarar må levere politiattest når dei vert tilsett.
Løn og tilsetting etter gjeldande lover, reglement, tariffavtale.
Sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar får ekstra løn for påbegynt utdanning.
Oppl. om stillingane får du ved å henvende deg til den enkelte avdeling:
Aukraheimen/Heimetenesta tlf. 71 17 11 30
Bergtun tlf. 71 17 30 02
Avlastingsbustaden tlf 952 13 470
Søknad med kopi av godkjente attestar og vitnemål, skal sendast til: Pleie og omsorgstenesta,
Aukraheimen 6480 AUKRA eller e-post: plo@aukra.kommune.no
Søknadsfrist for alle stillingane: 1. mars 2011