Tilbake til aukra.kommune.no
Hender som gjer lekser

Leksehjelp ved Gossen barne- og ungdomsskole

Frå og med dette skuleåret får elevane på 4. – 7. årstrinn tilbod om leksehjelp. Leksehjelpa vil bli gitt til elevane etter obligatorisk skuletid kvar onsdag frå og med 10. september.

Tilbodet er gratis og frivillig, men elevane har ikkje rett til skyss i samband med leksehjelp. Rektor gjer merksam på at det framleis er foreldra sitt ansvar å følgje opp elevane når det gjeld heimearbeid.
 
For 4. årstrinn blir det leksehjelp kvar onsdag frå kl. 13.15 – 14.15.   
For mellomtrinnet blir det leksehjelp kvar onsdag frå kl. 14.15-15.15.
 
Leksehjelpa skal vere eit tilbod som fremjar læringsarbeidet, og eleven kan misse plassen dersom ein ikkje nyttar tida til leksearbeid. Leksehjelpa skal vere hjelp til å etablere gode arbeidsvanar, og ein igangsetjar til å ta ansvar for eigne rutinar, men det er sjølvsagt foreldra sitt ansvar å følgje opp eleven sitt heimearbeid.