Tilbake til aukra.kommune.no
showImage

Nytt NAV-kontor

Torsdag 21. januar var det klart for offisiell opning av det nye NAV-kontoret i Aukra.

showImage.asp?imgID= 14869
Edny Sletten, Bernhard Riksfjord,
Solveig Vassdal og Jannicke Solem

Det var ordførar Bernhard Riksfjord som fekk æra av å stå for opninga. Men i staden for den tradisjonelle snorklippinga, gjorde han det stikk motsette: Tre tau vart fletta saman, som eit symbol på dei tre etatane som no vert samla i NAV. Her fekk ordføraren god hjelp av tilsette ved NAV Aukra.

Tor Steinar Misund er leiar for NAV Aukra. Han seier at omlegginga til det som i dag er NAV har vore ein lang prosess, men at den har vore heilt nødvendig å endre organisasjonen for å tilpasse seg samfunnet elles. No kan brukarane finne mange tenester samla bak ei dør, og få hjelp og rettleiing innan ulike felt.

NAV-kontoret i Aukra er eit av dei siste i landet som vert opna. Kontoret har vore ope for publikum sidan november i fjor, og dei tilsette er svært nøgde med korleis lokala fungerer. Her er samtalerom, moderne møterom, informasjonsskranke og pc-ar med moglegheit for sjølvbetjening.


showImage.asp?imgID= 14870 showImage.asp?imgID= 14872 showImage.asp?imgID= 14874
Tor Steinar Misund er leiar for Rådmann Dagfinn Aasen var ein av mange Moderne møterom med moglegheit for
NAV Aukra som kom med lykkeønskingar videokonferansar

showImage.asp?imgID= 14873 showImage.asp?imgID= 14871
Edny Sletten og Monica Solheim Emanuel Tangen og Mikal Husøy frå
i informasjonsskranken Aukra kulturskole stod for underhaldninga

showImage.asp?imgID= 14875
Edny Sletten, Bernhard Riksfjord, Solveig Vassdal og Jannicke Solem