
Støttekontakt i Aukra kommune
Arbeider du som støttekontakt i Aukra kommue, eller kan du tenkje deg å vere støttekontakt?
Støttekontakt er ein hjelpar som gjer det mogeleg for brukarar å ta del i aktivitetar i felleskap med andre, til dømes å gå på konsert, trene, gå tur eller berre prate over ein kopp kaffi.
Vi inviterer til eit uformelt møte på kommunehuset i kommunestyresalen tysdag 24.3.2015, kl. 18.00 - 20.00.
Program for kvelden:
- Informasjon om støttekontaktordninga i Aukra kommune
- Presentasjon om kva det inneber å vere støttekontakt
- Erfaringsutveksling / diskusjon
"...Kvart menneske er ei øy, som kjent. Så må det bruer til. Uendeleg mange bruer..." (Tarjei Vesaas). Å vere støttekontakt er å vere ein brubyggjar!