
Tannlege og tannhelseteneste
Tannhelsetenesta i Aukra kommune er for tida ikkje bemanna.
For timebestilling: Ring St. Carolus tannklinikk – 71 28 46 20
Klinikken vil vere bemanna med eit tannhelseteam frå St. Carolus i Molde. Det vert prioritert behandling av barn og unge 3-15 år, psykisk utviklingshemma og gruppa av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleia. Der det ikkje er kapasitet, vil du få tilbod om behandling ved St. Carolus i Molde.
Den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til:
- Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år
- Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
- Gruppa av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
- Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret
- Andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritere