Tilbake til aukra.kommune.no
showImage

Vi skal ha ein god dialog med lokalsamfunnet

Det uttalte Thor A. Nummedal i Statnett, som er prosjektansvarleg for reservekraft-verkene som skal etablerast på Nyhamna og Tjeldbergodden. I samarbeid med Aukra kommune har Statnett arrangert grendelagsmøte for innbyggjarane på Eikrem, Nyland og Sæter.

 

showImage.asp?imgID= 9770
På tomtebefaring: Carsten Dovland
frå Statnett, nabo Kolbjørn Sporsheim og Bård Sand frå
Reinertsen.

Lokalisering
Dei næraste naboane vart orientert om tomtevalet, mellombelse støyrapportar og innhaldet i den kommande konsesjonssøknaden. Reservekraftverket skal lokaliserast innanfor Hydro sin eigedom på Nyhamna, eit areal som frå før er regulert til gassrelatert verksemd. Området på 100 x 120 meter er lokalisert vest for Nylandsvegen, og ligg utanfor sikringssona til Ormen Lange anlegget.

– Vi trur vi har funne den best eigna tomta, uttalte prosjektleiar Carsten Dovland på møtet. Det blir ikkje stilt krav om arkeologiske undersøkingar på tomt og langs kabeltrasear.

 

Tomteopparbeidinga skal etter plana ta til i byrjinga av juli. Utstyret kjem til Gossen i oktober og i midten av februar neste år skal anlegget vere klart for eventuell drift. Etter spørsmål frå salen, opplyste Statnett at deira byggjeplanar ikkje skal vere noko hinder for fullføringa av turstien mellom Nyland og Sæter. – Er det planlagt ein sti rett over tomta, vil vi sjølvsagt hjelpe til med å flytte stien utanom anlegget, stadfesta Dovland.


Nødaggregat
Dei planlagde reservekraftverka på Nyhamna og Tjeldbergodden skal fungere som nødaggregat for straumforsyninga i Midt Norge. Dei skal berre nyttast i unntakssituasjonar, og Statnett må søkje NVE om særskilt godkjenning for kvar gong dei skal produsere straum på anlegget.

 

showImage.asp?imgID= 9771
F.V: Thor A. Nummedal frå Statnett,  Endre Hoksnes, Lillian Sporsheim, Haldor Sæter, ordførar Aud Mork og Jorunn Beøy. 
Støy og utslepp
Statnett vil om kort tid sende konsesjonssøknad til NVE, der miljøomsyn som støy og utslepp blir sentrale tema. Dersom reservekraftanlegget blir sett i drift  vil det sleppe ut CO2 og NOx. Berekningane viser at ein sesong med drift vil gi ei auke av norske CO2 utslepp på om lag 0,5% i dette eine året. Reduksjon av NOx utslepp vil krevje store mengder demineralisert ferskvatn, tilsvarande 56.000 liter pr time.

 

Statnett har fått utført støyberekningar på fleire stader rundt anlegget. På nokre stader vil samla støy frå reservekraft- og ilandføringanlegget kome over 40 db. Berekningane skal nyttast som utgangspunkt for planlegging av ulike støydempande tiltak.


Utbyggingsavtale
Statnett og Aukra kommune skal no framforhandle ein utbyggingavtale, der forventa kostnader i samband med vasstilførsel, anna infrastruktur og administrative kostnader vert spesifisert.